Dette er utdrag hentet fra NRK.no hele artikkelen kan du lese her: https://www.nrk.no/nordland/mange-hundar-og-katter-er-overvektige_-sja-korleis-du-kan-sjekke-om-din-er-for-feit-1.15097391
– Eg ser at det er veldig mange som luftar hunden, men har dei eigentleg trimma hunden? Ein tur rundt kvartalet er for lite for so og seie absolutt alle hunderasar, seier Bøe..
Vi trur hundane våre er normale
– Vi reknar med at kring 40 prosent av hundar er overvektige.
– Det er mange, mange, mange konsekvensar av overvekt, seier Linda Bakken Bøe.
Ho er veterinær og ser mange litt vel lubne hundar kome inn døra. Desse står i fare for å få både diabetes og leddproblem, men endå verre er det med dei som er sjukeleg overvektige.
Nicole Frost Nyquist er førsteamanuensis ved veterinærhøgskulen, og syner til forsking gjort av kollegaar i Danmark.
Nyquist fortel at undersøkingar syner at eigarar ikkje veit at dyra deira er overvektige, men at dei trur hunden er som den skal vere.